
NoK
«Nok. er eit tverrfagleg lågterskel og gratis hjelpetilbod til utsette for seksuelle overgrep og deira pårørande. Nok er og ein fagressurs som tilbyr rettleiing og undervisning til skuleklassar, lærarar, barnehagetilsette, helsepersonell og andre fagpersonar om tema som omhandlar seksuelle overgrep.»
Eg fekk briefen av NoK Sogn og Fjordane at dei ønsket å bruke illustrasjonar i teorigrunnlag i permane. Permen sulle brukast i alle barnahagene i Sunnfjord kommune. Det var viktig at figurar i illustrasjonane hadde gode ansiktuttrykk og kroppsspråk.

Referanse
«Nok. Sogn og Fjordane tilbyr opplæring i Hjartesamling til tilsette i barnehagane. Hjartesamling er ein metode utvikla for å gje barn språk og verktøy til å fortelje om det som er vanskeleg. Det er eit førebyggjande arbeid mot vald og seksuelle overgrep. I samband med utarbeiding av ein kompetanseperm som alle barnehagane får i denne opplæringa, kontakta vi Gregory for å få hjelp til utforming og illustrasjon.
Hjelpa vi fekk var eineståande. Han viste ein unik evne til å setje seg inn i tematikken. Med sine flotte illustrasjonar klarte han å skape og formidle akkurat dei uttrykka og kjenslene som vi ønskte å få fram. Illustrasjonane til Gregory treff både barna og dei vaksne. Vi hadde ikkje fått det resultatet vi har i dag utan hans kompetanse og hjelp. Eg kan gje dei beste anbefalingar, og føler meg sikker på at vi kjem til å bruke Gregory også ved seinare høve.
Tusen takk Gregory. Helsing gjengen på Nok. Sogn og Fjordane»