Sunnfjord Kommune

Illustrasjonar laga som del av den nye visuelle identiteten til Sunnfjord kommune, som vart oppretta i januar 2020 då kommunane Førde, Jølster, Gaular og Naustdal vart slått saman.

Brief: Illustrasjonar som viser det gode livet og vekst i Sunnfjord kommune.

Les meir om Sunnfjord sin visuelle identitet her.

 

 

 

 

 

 

Referanse

«Sunnfjord kommune sin grafiske profil er bygd rundt illustrasjonen «Det gode liv i Sunnfjord kommune» av Gregory Idehen. Det var Haltenbanken og Rein Design som utvikla den grafiske profilen basert på denne illustrasjonen i samband med at Sunnfjord kommune blei etablert som ny kommune i 2020.

Idehen evna svært godt gjennom sine illustrasjonar å vise livet i kommunen med mange kjennemerker som viser at dette er vår kommune. Han er også dyktig på å frå fram ulike karaktertrekk i personane som er avbilda. Kommunen nyttar illustrasjonane som ein del av vår grafiske profil for å tydeleg synleggjere at vi er avsendar og eigar av ulike trykte og elektroniske dokument. Dette er med på skape identitet og gjenkjenning. Kommunen har derfor bestilt fleire illustrasjonspakkar frå Idehen dei siste åra. Idehen har hatt ei god forståing for bestillingane kommunen har kome med, og gjeve oss skisser i tidelegfase som tydeleg viser at han har fortstått kva vi ønsker at illustrasjonane skal formidle. Han er flink til å konkretisere situasjonar. Vi opplever Idehen som idèrik, presis og med gode samarbeidsevner.

Anette Sollid, kontaktperson for grafisk profil i Sunnfjord kommune»